50 % avtaleheimel i gastroenterologi, lokalisert i Lærdal
Posted Oct 1, 2026 · 9h ago
- Location
- Knud Holms gate 8, 4005, STAVANGER, NO0A1, Norway
- Apply by
- Oct 22, 2026
- Employment
- Parttime, Directhire
- Occupation
- specialised doctor
- Listing language
- English
Looking for something slightly different?
Describe your ideal role — we’ll rank jobs around your preferences.
More specialised doctor jobs →Description
50 % avtaleheimel for godkjende spesialist i gastroenterologi er ledig frå 01.01.2027, eller etter avtale.
Sentrale moment i vurdering av søkjarane vil mellom anna vere:
- erfaring med å drive sjølvstendig næringsdrivande praksis
- erfaring og praksis, medrekna erfaring som spesialist
- eigenskapar for heimelen
- innretning av praksis
- samarbeid med andre
Det er ønskeleg at den framtidige avtalepraksisen blir etablert i lokala til sjukehuset i Lærdal, og at det blir inngått avtale om drift av praksisen med Helse Førde HF.
Les meir her.
Praksisen skal drivast i samsvar med den til kvar tid gjeldane rammeavtale mellom Helse Vest og Den norske legeforening.
ArbeidsoppgåverAvtalespesialisten skal bidra til å oppfylle ”sørge for” -ansvaret til Helse Vest. Det inneber mellom anna at avtalespesialisten foretar undersøkingar, diagnostikk og behandling i medhald av regionale og nasjonale mål og prioriteringar og lovgiving, jf. punkt 4.1 i rammeavtalen.
Avtalespesialisten skal ta imot tilvisingar, medrekna øyeblikkelig hjelp, frå primærhelsetesta.
Avtalespesialisten skal også ha eit nært fagleg og forpliktande samarbeid med Helse Førde HF om oppgåvefordeling og for å sikre rett prioritering og gode pasientforløp. Det blir forventa at avtalespesialisten også tar imot pasientar som vert tilvist frå Helse Førde HF. Dette vil bli regulert nærare i den individuelle driftsavtalen. Avtalepraksisen skal i samarbeid med Helse Førde HF også innrettast i tråd med utviklinga i faget og korleis behovet i befolkninga utviklar seg.
Spørsmål om lokalisering i Lærdal sjukehus kan rettast til fagdirektør i Helse Førde, Asle Kjørlaug, tlf. 47 88 25 95.
Vilkår og rammerPlassering i driftstilskotsklasse vil bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuelle søkjarar basert på utgifter til lokalar, utstyr og naudsynt hjelpepersonell.Driftstilskotet utgjer eit årleg beløp p.t. mellom kr. 605 000 (klasse 1) til kr. 900 500 (klasse 3).
Andre vilkår, rammer og føringar knytt til drift av praksis vil også bli gjenstand for drøftingar mellom Helse Vest og aktuelle søkjarar før det vert gitt tilbod om avtaleheimel.
KontaktinformasjonTorleiv Bergland, Rådgiver, 415 33 822
ArbeidsstadKnud Holms gate 8
4005 STAVANGER
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Vest RHF
Referansenr.: 5189088151
Stillingsprosent: 50%
Engasjement
Søknadsfrist: 22.10.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest leggjer til rette for inkluderande rekruttering.
Det regionale helseføretaket Helse Vest varetek eigarskapet til sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at dei kring 1,1 million innbyggarane i regionen får spesialisthelsetenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa på Vestlandet er Helse Vest RHF ei av dei største verksemdene på Vestlandet. Hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Det er om lag 80 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 40 milliardar kroner. Vi held til i sentrale lokale i Stavanger sentrum.
Similar jobs
Explore more specialised doctor jobs in Norway.
Finding similar jobs…
Get new jobs like this in Norway by email
We'll email you when new specialised doctor jobs with a strong match appear.