Avdelingsingeniør
Posted Sep 28, 2026 · 7h ago
- Employment
- Fulltime, Temporary
- Occupation
- medical device engineer
- Listing language
- English
Description
Medisinsk teknisk avdeling (MTA) har ledig vikariat som avdelingsingeniør ved Seksjon for intensiv og operasjon.
MTA forvaltar medisinsk teknologi og informatikk i Helse Bergen. Vi tar også del i forsking, utvikling og innovasjon og har ansvar for utstyr til heimebehandling av pasientar. Arbeidsoppgåvene spenner over eit stort spekter som for eksempel å delta i anskaffingar og installasjon, planlegge og utføre service og oppdateringar, utarbeide rutinar og dokumentasjon og konfigurere medisinsk utstyr og IKT-systemløysingar.
Avdelinga legg stor vekt på kompetansebygging med kursing både internt og eksternt. Hovudfokuset for avdelinga sine om lag 90 tilsette er at meir enn 50000 utstyrseiningar og tilhøyrande IKT-systemløysingar skal kunne nyttast til beste for pasientane, og vere trygge å bruke for pasientar og behandlarar. MTA er ein del av Drift/teknisk divisjon.
Arbeidsoppgåver- Utføre reparasjonar, planlagde kontrollar/vedlikehald, oppdateringar og konfigurasjon
- Delta i anskaffingar av nytt utstyr og tilhøyrande IKT-systemløysingar
- Delta i/utføre mottak, risikovurdering og driftsetjing av utstyr og IKT-systemløysingar, oftast saman med leverandørar og andre samarbeidspartnarar
- Delta i opplæring av teknisk og klinisk personell
- Samarbeide med klinisk og teknisk personell for å sikre best mogeleg bruk av utstyr og IKT-systemløysingar til beste for pasientane
- Andre oppgåver etter behov
- Bachelorgrad i medisinsk teknologi, automasjon, elektronikk eller liknande. Annan utdanning kan vurderast ved særskilt relevant erfaring
- Det er ønskjeleg med erfaring innan forvaltning og vedlikehald av medisinsk utstyr
- Førarkort kl. B
- Må meistre norsk og engelsk både munnleg og skriftleg
Det er ønskeleg med samtykke frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) til å arbeide med reparasjon av elektromedisinsk utstyr.
Personlege eigenskapar- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du er vennleg og hjelpsam mot kollegaene dine
- Du arbeider ryddig, målretta og strukturert
- Du tek initiativ og har evne til å gjennomføre arbeidsoppgåver
- Du tilpassar deg lett - er serviceinnstilt, løysningsorientert og fleksibel
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Ei utfordrande og spanande stilling ved eit av dei største sjukehusa i Noreg
- Ein allsidig jobb med gode moglegheiter for utvikling
- Eit stabilt arbeidsmiljø prega av stort mangfald både i utdanningsnivå og profesjon (fag)
- Moglegheit for å væra medlem i eit aktivt bedriftsidrettslag
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Pensjon og forsikringsvilkår i KLP
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKirsti Legernes, Seksjonsleiar, 92684925, [email protected]ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5185401516
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 30.10.2027
Søknadsfrist: 08.10.2026
Om arbeidsgiveren:
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.