← Back to occupation

Avdelingsleiar for fysio- og ergoterapi

HARAM KOMMUNE FYSIO- OG ERGOTERAPI · Norway

Posted Sep 28, 2026 · 8h ago

Employment
Fulltime, Directhire
Listing language
English

Description

Avdelingsleiar fysioterapi og ergoterapi – 100 % fast stilling

Er du ein tydeleg, engasjert og utviklingsorientert leiar som ønskjer å bidra til gode helse- og meistringstenester for innbyggjarane i Haram kommune? Då kan dette vere stillinga for deg!

Vi søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert avdelingsleiar for fysioterapi og ergoterapi. Stillinga er 100 % fast, med 50 % administrativt leiararbeid og 50 % utøvande, pasientretta arbeid. Du får dermed høve til å kombinere leiing og fagutvikling med direkte arbeid med innbyggjarane.
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å leie, koordinere og vidareutvikle tenestene. Du får personal-, økonomi- og fagansvar og blir ein del av leiargruppa for helsetenester, saman med tenesteleiar, avdelingsleiar for legetenesta og avdelingsleiar for psykisk helse og rus.

Vi ser etter deg som har stor arbeidskapasitet, trivst med eit høgt tempo og likar ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag. Du må kunne handtere fleire oppgåver samtidig, vere løysingsorientert og evne å prioritere når arbeidsdagen krev det.

Om tenesta:Fysio- og ergoterapitenesta er ei tverrfagleg teneste med 4,5 årsverk fysioterapeut, 2 årsverk ergoterapeut, 0,8 årsverk innan velferdsteknologi og 1 årsverk hjelpemiddelteknikar, i tillegg til avdelingsleiar. Vi er per i dag samlokaliserte i Kompetanseparken i Brattvåg.

Tenesta arbeider med helsefremjande, førebyggjande, habiliterande og rehabiliterande tiltak og har eit tett samarbeid med andre faggrupper og kommunale tenester. Vi ønskjer å utvikle tenestene vidare med fokus på fagleg kvalitet, god ressursutnytting, tverrfagleg samarbeid og gode løysingar for innbyggjarane.

Som avdelingsleiar vil du få ei viktig rolle i dette utviklingsarbeidet, samtidig som du sjølv er ein aktiv del av det faglege arbeidet gjennom den utøvande delen av stillinga.
Stillinga er organisert under kommunalområde Livsløp, som samlar fleire tenester som er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til innbyggjarane i Haram kommune. Livsløp omfattar mellom anna: Psykisk helse og rus, helsestasjon og jordmor, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV, fysioterapi og ergoterapi og legetenester

I Haram kommune er vi opptekne av å utvikle gode, heilskaplege og framtidsretta tenester. Vi skal spele kvarandre gode, dele kompetanse og samarbeide på tvers av fagområde og tenester. Slik ønskjer vi å skape robuste tenester som møter behova til innbyggjarane våre.

Arbeidsoppgåver
  • Dagleg fag-, personal- og økonomiansvar for fysioterapi- og ergoterapitenesta
  • Planleggje bemanning, arbeidsplanar og fordeling av oppgåver i samsvar med god utnytting av kompetanse og kapasitet
  • Følgje opp medarbeidarar, sjukefråvær, HMS og arbeidsmiljø
  • Følgje opp fagleg utviklingsarbeid
  • Leie og delta i tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til utvikling av framtidsretta og effektive tenester
  • Utføre fysioterapifagleg arbeid med kartlegging, behandling, rehabilitering og oppfølging av brukarar
  • Følgje opp fysioterapeutar med driftsavtale i samarbeid med tenesteleiar
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som fysioterapeut
  • Krav om leiarutdanning og/eller dokumentert relevant leiarerfaring. Dersom kandidaten ikkje har leiarutdanning, må det påreknast å gjennomføre relevant leiarutdanning innan to år etter tilsetjing
  • Leiar- og fysioterapeuterfaring frå kommunehelseteneste er ein fordel
  • Kjennskap til relevant lovverk
  • Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
  • Tydeleg og trygg i leiarrolla – du tek ansvar, set retning og følgjer opp medarbeidarar og oppgåver på ein tydeleg og tillitsskapande måte.
  • Strukturert og utviklingsorientert – du arbeider systematisk, har oversikt og ser moglegheiter for å utvikle tenestene og arbeidsmåtar.
  • Har høg arbeidskapasitet og er fleksibel – du trivst med ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag, handterer fleire oppgåver samtidig og evnar å prioritere når situasjonen krev det.
  • Du er fleksibel og kan raskt omstille deg når behov og oppgåver endrar seg.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – du kommuniserer tydeleg og respektfullt og byggjer gode relasjonar både med medarbeidarar, leiarar og samarbeidspartnarar.
  • Evner å motivere og skape engasjement – du ser medarbeidarane, byggjer eit godt arbeidsmiljø og legg til rette for medverknad, fagleg utvikling og felles mål.
  • Er løysingsorientert og initiativrik – du tek initiativ, ser moglegheiter og finn praktiske løysingar når utfordringar oppstår.
Vi tilbyr
  • Ei spanande og variert leiarstilling
  • Ei aktiv og støttande leiargruppe med gode høve for samarbeid, erfaringsdeling og fagleg utvikling
  • Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse
  • Moglegheit til å påverke og vidareutvikle førebyggjande og rehabiliterande tenester
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale
KontaktinformasjonElly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, [email protected]
Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788, [email protected]
ArbeidsstadSkjelt-ole Bakken 9
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4996322278
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 25.10.2026

Om arbeidsgiveren:

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.