Barne- og ungdomsarbeidar
Posted Sep 30, 2026 · 5h ago
- Location
- Kråvegen 2, 4355, KVERNALAND, NO0A1, Norway
- Apply by
- Oct 15, 2026
- Employment
- Parttime, Temporary
- Occupation
- youth worker
- Listing language
- English
Description
Vil du vera med på å gje ungane på Frøyland skule og SFO ein kjekk og trygg kvardag?
Me har ledig eit 80% vikariat for skuleåret 2026-2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga er 40% i skule og 40% i SFO.
På Frøyland skule og SFO er me 370 elevar og 55 vaksne. Me er ein barneskule med elevar på 1.-7.trinn. Det er 2-4 parallellar på kvart trinn, og SFO er organisert i 2 basar. Me er opptatt av at ungane våre skal ha det kjekt når dei er på skulen og i SFO. Dei skal oppleve meistring både fagleg og sosialt.
Me ser etter ein trygg, varm og leiken vaksen som likar å jobbe med ungar. Evna til å skape gode relasjonar til ungane er ein sentral ferdigheit i stillinga. Kvalifikasjonar me ønsker er fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant kompetanse vil og bli vudert. Me legg vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatane.
- Omsorg, støtte og retteliing av elevar i skule og SFO.
- Personleg assistanse for elevgrupper og enkeltelevar i skulen.
- Organisering av leik og aktivitet i SFO.
- Støtte til enkeltelevar i SFO
- Vakt i friminutt og matpauser.
- Samarbeid med andre tilsette i skule og SFO.
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev og utdanning. Personlege eigenskapar og erfaring i arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskapar- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter tariff
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
KontaktinformasjonOlaug Iren Lode, SFO-leiar , 92259299, [email protected]Karen Helene Seppola, Rektor, 47234604, [email protected]
ArbeidsstadKråvegen 2
4355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5187660747
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 15.10.2026
Om arbeidsgiveren:
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
More jobs
See more openings in Norway.