Fagarbeidar/assistent med ukrainskspråkleg kompetanse
Surnadal vgs søkjar tospråkleg fagarbeidar/assistent i 89% prosjektstilling med urkainskspråkleg kompetanse skoleåret 26-27 og 27-28. Arbeidstiden følger pr. tiden skoleruten.
Vil du bidra til at fleire minoritetsspråklege elevar lykkast i overgangen frå skole til arbeidsliv? Stillinga er knytt til eit toårig prosjekt, «Tospråkleg fagopplæring for betre overgang til læreplass i bygg- og anleggsteknikk», der målet er å styrke oppfølginga av minoritetsspråklege elevar gjennom heile opplæringsløpet. Prosjektet skal bidra til at fleire minoritetsspråklege elevar fullfører vidaregåande opplæring og får læreplass.Surnadal vidaregåande skole er ein kombinert skole. Skolen ligg i Surnadal kommune på Indre Nordmøre og har omlag 200 elevar og 40 tilsette. Skolen har 5 utdanningsprogram:
Helse- og oppvekstfag
Elektro og datateknologi
Teknologi- og industrifag
Bygg- og anleggsteknikk
Studiespesialisering
- Følgje opp minoritetsspråklege elevar i opplæringa, fortrinnsvis på bygg- og anleggsteknikk.
- Gi språkstøtte knytt til opplæringa.
- Vere bindeledd mellom elev, skole, heim og bedrift.
- Følgje opp elevar i samband med praksisperiodar i bedrift.
- Bidra til kommunikasjon og forståing mellom elevar, skolen og bedrifter.
- Støtte elevane i utvikling av fagleg språk og forståing av krav og forventningar i arbeidslivet.
- Delta i samarbeid med lærarar, rådgivarar og næringsliv.
- Medverke til utvikling og utprøving av nye arbeidsmåtar for språkstøtte i fagopplæringa.
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i ukrainsk og norsk.
- Det er ønskjeleg at søkjar har fagbrev innan bygg- og anleggsteknikk eller anna relevant yrkesfagleg utdanning, men vi oppfordrar også andre til å søkje.
- Erfaring frå arbeid med ungdom, opplæring eller rettleiing er ein fordel.
- Kjennskap til norsk arbeidsliv og læreordninga er ein fordel.
- Relevant yrkesfagleg bakgrunn er ein fordel.
Vi søkjer deg som:
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er trygg i møte med ungdom
- er sjølvstendig og strukturert
- har evne til å bygge gode relasjonar
- er løysingsorientert og fleksibel
- har tru på at alle elevar kan lykkast med rett støtte
- Ei meiningsfull stilling som bidreg til inkludering og gjennomføring i vidaregåande opplæring.
- Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø.
- Moglegheit til å vere med på å utvikle ein ny modell for språkstøtte i fagopplæringa.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5181757466
Stillingsprosent: 89%
Engasjement
Startdato: 12.10.2026
Sluttdato: 30.06.2028
Søknadsfrist: 11.10.2026
Om arbeidsgiveren:
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skolen (surnadal.vgs.no)
Skolen ligg fint til på Øye i Surnadal omlag 1 km frå kommunesenteret Skei. Surnadal vidaregåande skole er ein kombinert skole med både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skolen har nyrestaurerte lokale med idrettshall, kunstgrasbane og friluftsområde like ved.