← Back to jobs

Ringevikarar ved Kviteseid skule

Unknown · Norway

Posted Oct 4, 2026 · 15h ago

Location
Skulevegen 9, 3850, KVITESEID, NO094, Norway
Apply by
Dec 31, 2026
Employment
Parttime, Temporary
Listing language
English

Description

Lærarar og fagarbeidarar assistentar

Vil du vere med og skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for elevane våre?

Kviteseid skule søkjer engasjerte og pålitelege ringevikarar som kan arbeide ved fråvær og andre kortvarige behov. Vi treng både lærarar og fagarbeidarar/assistentar. Arbeidet kan vere på 1.–10. trinn og på SFO.

Som ringevikar kan du bli kontakta på kort varsel. Omfanget av arbeidet vil variere etter skulen sitt behov, og stillinga har ingen fast stillingsprosent eller garanti for eit bestemt tal arbeidstimar. Det kan òg bli aktuelt med kortare vikariat over fleire dagar eller veker.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver for lærarvikarar

  • Gjennomføre undervisning etter planane til læraren
  • Skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø
  • Følgje opp elevar fagleg og sosialt
  • Tilpasse undervisninga til elevar med ulike behov
  • Samarbeide med kollegaer og andre tilsette ved skulen

Arbeidsoppgåver for fagarbeidarar og assistentar

  • Følgje opp enkeltelevar og elevgrupper i undervisninga
  • Vere ei støttande og hjelpande hand i klasserommet
  • Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
  • Støtte elevar med ulike behov og utfordringar i skulekvardagen
  • Samarbeide med lærarar og andre tilsette
  • Arbeid på SFO kan vere aktuelt
KvalifikasjonarFor lærarvikarar er det ønskjeleg med relevant lærarutdanning. Studentar under lærarutdanning kan òg søkje.
For fagarbeidarar er det ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget eller anna relevant fagbrev.
For assistentar er det ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Erfaring frå skule eller SFO er ein fordel.
Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Du må kunne bruke digitale verktøy i arbeidet.Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er ein varm, trygg og tydeleg vaksenperson
  • er glad i barn og ungdom og ønskjer at alle elevar skal oppleve meistring og trivsel
  • byggjer gode relasjonar til elevar og kollegaer
  • møter elevar med ulike behov med tolmod, omsorg og respekt
  • er fleksibel, samarbeidsvillig og løysingsorientert
  • kan arbeide sjølvstendig og ta gode val i kvardagen
  • er påliteleg og kan møte på kort varsel
  • bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
  • meiningsfulle og varierte arbeidsdagar
  • eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • dyktige og engasjerte kollegaer
  • moglegheit til å gjere ein viktig forskjell i elevane sin kvardag
  • lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
KontaktinformasjonGjermund Sivertsen, Rektor Kviteseid Skule, +47 40248174
ArbeidsstadSkulevegen 9
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5189609637
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2026

Om arbeidsgiveren:

null

Similar jobs

Explore more secondary school teacher jobs in Norway.

Finding similar jobs…

Get new jobs like this in Norway by email

We'll email you when new secondary school teacher jobs with a strong match appear.