Sakshandsamar i barnevernstenesta
Is this the right opportunity for you?
Explore more jobs, compare advertised salaries and see which skills employers want.
Explore careersSearch for a different role
Description
Stad kommune har ledig 100 % vikariat som sakshandsamar i barnevernstenesta frå dags dato til 30.06.2027. Kontor- og oppmøtestad er på Stad rådhus, Nordfjordeid.
Stad barnevernsteneste består av engasjerte og kompetente medarbeidarar som arbeider for å sikre barn og unge trygge oppvekstvilkår. Vi legg vekt på fagleg kvalitet, samarbeid og utvikling, og tilbyr eit inkluderande arbeidsmiljø og fagleg støtte. Barnevernstenesta er ein del av kommunalområdet oppvekst.
Vi har felles barnevernsvakt med Gloppen og Stryn kommunar.
Vi ønskjer snarleg tiltreding i stillinga. Moglegheit for oppstart vil kunne bli tillagt vekt i den samla vurderinga av søkjarane.
ArbeidsoppgåverAvhengig av kompetanse/erfaring hos den som vert tilsett, kan både sakshandsaming etter barnevernslova i høve melding, undersøking, hjelpetiltak og omsorgstiltak, samt miljøterapeutisk arbeid/rettleiing i familiar, vere aktuelle arbeidsoppgåver.
Arbeidstida er hovudsakleg måndag - fredag 08.00 - 15.30, men du må pårekne noko arbeid ut over alminneleg kontortid for å treffe familiane når dei er tilgjengelege.
Kvalifikasjonar- Relevant høgskule-/universitetsutdanning, minimum tre år.
- Kjennskap til barnevernslova og forvaltningsrett.
- Gyldig politiattest skal leggjast fram før start i stillinga, jamfør barnevernslova § 12-11 første ledd.
- Førarkort klasse B og høve til å disponere eigen bil.
- Gode språkkunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Gode datakunnskapar.
- Personleg eignaheit.
Som tilsett i barnevernstenesta er det viktig at du
- har evne til å bygge tillit og skape relasjonar
- har gode evner til munnleg og skriftleg framstilling
- er tydeleg
- kan jobbe både sjølvstendig og i team
- har gode samarbeidsevner og kan leie samtalar og møte
- har stor arbeidskapasitet og kan prioritere mellom arbeidsoppgåver
- kan arbeide planmessig og strukturert
- har evne til å handtere komplekse og krevjande saker
- har kjennskap til relevante lover og regelverk, god systemforståing og kan samarbeide tverrfagleg
- held deg fagleg oppdatert
- likar og toler høgt arbeidstempo
- er robust og reflektert i møte med barn og familiar
- har evne til å reflektere over eigen praksis
- er fleksibel
- bidrar aktivt til eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Fagleg utfordrande og meiningsfylt arbeid.
- Eit kompetent og støttande fagmiljø.
- Ekstern rettleiing.
- Eininga disponerer eigen bil.
- Fleksibel arbeidstid.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk og moglegheit for kompetansetillegg.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
KontaktinformasjonBritt Remme, Einingsleiar barnevern, +47 95 07 88 76, [email protected]ArbeidsstadRådhusvegen 11
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5192014824
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 25.10.2026
Om arbeidsgiveren:
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
www.nordfjord.no/stad
www.hjartestad.no
Get similar jobs in Norway by email
We'll email you when new jobs similar to this one appear.
Similar jobs
Explore more Sakshandsamar i barnevernstenesta jobs in Norway.
Finding similar jobs…