Salgsmedarbeidar i catering
Is this the right opportunity for you?
Explore more jobs, compare advertised salaries and see which skills employers want.
Explore this careerSearch for a different role
More restaurant manager jobs →Description
Fjord1 har no ledig ei stilling som salgsmedarbeidar i catering i sambandet Arsvågen-Mortavika.
Som salgsmedarbeidar i catering vil du vere ein viktig del av passasjeropplevinga om bord og bidra til at dei reisande får god service, og ei triveleg oppleving gjennom heile reisa.
Arbeidsoppgåvene omfattar produksjon og sal av sveler, pølser, påsmurt mat og andre kioskvarer, aktiv kundebehandling, varebestilling og vareplassering, samt å halde kioskområdet innbydande og ryddig. Du vil også ha ansvar for tilberedning av måltid til mannskapet om bord. Gjennom arbeidsdagen møter du mange ulike reisande, og vi ser derfor etter deg som er positiv, sjølvstendig og løysingsorientert, og som likar å skape gode kundeopplevingar.Stillinga går i ein turnus med 2 veker på og 2 veker fri. For tilsette i catering som har behov for det, kan Fjord1 tilby hybel i nærleiken av kaien.
Oppstart er så snart som mogleg. Aktuelle kandidatar vil bli kontakta.
Arbeidsoppgåver- Kundebehandling
- Mannskapsmesse - ansvar for tillaging og servering av mat, samt reinhald
- Produksjon og sal av mat i kiosk
- Reinhald av dei områder som høyrer til cateringdrifta
- Varebestilling/varemottak
- Andre relevante oppgåver iht. stillingsinstruks
- Gyldig helseattest
- Kurs i passasjer- og krisehåndtering
- Beherske norsk godt muntleg og skriftleg
- Det er ein fordel om du beherskar engelsk muntleg
- Evne til å jobbe sjølvstendig, ta ansvar og takle hektiske arbeidsdager
- Førerkort klasse B og disponere eigen bil
- Hos oss vil du møte ein variert arbeidskvardag med mykje kontakt med både passasjerar og kollegaer. Vi trur du vil trivast godt dersom du likar å yte god service, skape gode opplevingar for andre og samarbeide med menneske rundt deg. Arbeidsdagane kan til tider vere hektiske og by på endringar, så det er ein fordel om du likar variasjon og er komfortabel med å omstille deg når det trengst. Vi set pris på medarbeidarar som tek ansvar for arbeidsoppgåvene sine, arbeider på ein strukturert måte og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
- Lønn vert gitt etter overeinskomst
- Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
- Treningsrom om bord i fartøyet
- Turnus: 2 veke på - 2 veke av
- Tilgang på hybel i arbeidsperiode
Om arbeidsgiveren:
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.
Get similar jobs in Norway by email
We'll email you when new jobs similar to this one appear.
Similar jobs
Explore more restaurant manager jobs in Norway.
Finding similar jobs…