← Back to jobs

Sjukepleiar, fast stilling ved Vigra omsorgssenter avdeling  Skogly 

Description

Vil du bli ein del av laget vårt?

Vi søkjer ein engasjert og trygg sjukepleiar til 94% fast stilling i avdeling for personar med demens!

Hos oss får du ein arbeidskvardag som er både meiningsfull, variert og – ikkje minst – full av menneskemøter. Vi ønskjer oss ein kollega som ser mennesket bak sjukdommen, som møter andre med varme og respekt, og som bidreg til at både bebuarar og kollegaer har gode dagar. Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.
Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver
  • Vanlege oppgåver innan pleie, omsorg og praktisk bistand.
Kvalifikasjonar
  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleier
  • Gjerne vidareutdanning i geriatri eller alderspsykiatri
  • God digital kompetanse
  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
  • Sertifikat for bil
  • Oppmoder menn til å søke
Personlege eigenskapar
  • Du er omsorgsfull, positiv og trygg i møte med menneske.
  • Du har interesse for demensomsorg og ønskjer å gjere ein forskjell.
  • Du er ein lagspelar som bidreg med godt humør og gode idear.
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og ser moglegheiter i kvardagen.
  • Du ønskjer å vere med på å skape ein trygg og aktiv kvardag for bebuarane våre.
Vi tilbyr
  • Ein meiningsfull jobb der du får brukt både hovud og hjarte.
  • Gode og engasjerte kollegaer som støttar kvarandre.
  • Ein variert arbeidsdag – ingen dagar er heilt like!
  • Moglegheit til å utvikle deg fagleg og personleg.
  • Ein arbeidsplass der vi ønskjer at du skal trivast, bli sett og kjenne at du betyr noko.

Vi trur på at gode dagar blir skapte saman.
Så – har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Då håpar vi å høyre frå deg!

KontaktinformasjonHelen Gjerde, nestleiar, 90249808
Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630
ArbeidsstadReset 14
6040 Vigra
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 5185751039
Stillingsprosent: 94%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026

Om arbeidsgiveren:

Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

Get similar jobs in Norway by email

We'll email you when new jobs similar to this one appear.

Similar jobs

Explore more nurse responsible for general care jobs in Norway.

No similar openings right now. Refine your search or create an alert above.