← Back to jobs

Spesialergoterapeut 

Description

Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til somatiske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er med sine 22 stillingar den største arbeidsplassen for ergoterapeutar på Vestlandet, og tilbyr eit spanande særfagleg og tverrfagleg fagmiljø. Det faglege engasjementet i avdelinga er stort med fokus på å tilby kunnskapsbaserte tenester. Vi er opptatt av tenesteutvikling og korleis tenestene kan forbetrast i tråd med utviklinga i helsetenesta. Dette gjer vi saman i eit arbeidsmiljø prega av arbeidsglede og samhold.
Vi har ledig fast 100% stilling for spesialergoterapeut frå 01.01.27 tilknytt Nevroklinikken.
Arbeidsoppgåvene er i hovudsak lagt til Nevrologisk akuttpost og nevrologisk poliklinikk. Ved akuttpost er kartlegging av  ADL-funksjon, screening av kognitiv funksjon og oppfølging av arm-/handfunksjon sentralt. Ved nevrologisk poliklinikk gir ein tilbod til pasientar med aktivitetsvanskar som treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Ergoterapeuten inngår i tverrfagleg team ved dei ulike einingane. Som spesialergoterapeut vil ein ha medansvar for å sikre høg kvalitet i klinisk praksis og utvikling av tenestene.

Arbeidsoppgåver
  • Vurdering av ADL-funksjon, kognitiv funksjon og arm-/handfunksjon
  • Tidleg rehabilitering og oppgåverelatert trening
  • Rettleiing av pasientar med vanskar knytt til aktivitetsregulering
  • Tett samhandling med pasient og pårørande, tverrfagleg team og 1. linjetenesta
  • Rettleiing / undervisning av pasient, pårørande, studentar og anna helsepersonell
  • Deltaking i fagleg utviklingsarbeid og tenesteutvikling
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • Relevant vidareutdanning, gjerne på masternivå
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta
  • Erfaring frå rehabilitering etter hjerneslag og MS
  • Erfaring frå arbeid med aktivitetsregulering er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er effektiv, initiativrik og kan arbeide sjølvstendig
  • Du er positiv, fleksibel og endringsvillig
  • Du er opptatt av å utvikle faget, pasienttilbodet og tenestetilbodet
  • Du har ønskje om eigen fagleg utvikling, og tar initiativ til opplæring og utvikling
  • Du har gode kommunikasjonsevner og samhandlar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du trivast med å jobbe i tverrfaglege team
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er personleg skikka til stillinga
Vi tilbyr
  • Aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Høgt fagleg nivå
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonSilje Nødtvedt, Seksjonsleiar, 55976279
Bodil Stokke, Avdelingssjef, 55975008
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5180988268
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2026

Om arbeidsgiveren:

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Get similar jobs in Norway by email

We'll email you when new jobs similar to this one appear.

Similar jobs

Explore more Occupational Therapist jobs in Norway.

No similar openings right now. Refine your search or create an alert above.