Tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk
Is this the right opportunity for you?
Explore more jobs, compare advertised salaries and see which skills employers want.
Explore this careerSearch for a different role
More dental practitioner jobs →Description
Vil du bli ein del av tannhelseteamet vårt i Kristiansund?
- Ønskjer du spennande utfordringar i eitt av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for og med menneske?
- Søker du eit meiningsfylt arbeid med stor variasjon og ansvar?
- Vil du vere ein del av eit fagleg fellesskap som legg vekt på læring, samarbeid og tillit?
Vi søker engasjert tannlege som vil vere med og styrke og vidareutvikle tilbodet vårt.Vi har ledig, fast 100% stilling som tannlege ved Kristiansund kompetanseklinikk.
Nye Kristiansund kompetanseklinikk vart sett i drift hausten 2024. Kompetanseklinikken er ein av fylkets største offentlege tannklinikkar med topp utstyrte og moderne behandlingsfasilitetar på Campus Kristiansund i bysentrum. Les meir om Kristiansund her: VISIT KRISTIANSUND
ArbeidsoppgåverVarierte kliniske arbeidsoppgåver med alle pasientgrupper, også vaksne betalande pasientar. Arbeidsoppgåver er hovudsakeleg klinisk virke med odontologisk undersøkingar og behandling. I tillegg omfattar stillinga òg administrative oppgåver, kontakt med pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar. Kvalifikasjonar- Norsk autorisasjon som tannlege.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk.
- Forståing for det helsefaglege samfunnsoppdraget, kvalitetssikring og pasientsikkerheit.
Vi ser etter deg som:
- kjenner stoltheit for tannhelsefaget
- trivst med å jobbe med og for menneske
- jobbar effektivt og sjølvstendig
- har god samarbeidsevne, er serviceinnstilt og løysingsorientert
- ønskjer å bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø
- Ein god jobb der du kan utvikle deg
- Lønn etter avtale
- Ny og moderne tannklinikk
- Fagleg utvikling og tilgang til eit stort kompetansenettverk
- Trivelege medarbeidarar og godt miljø
- Introduksjonsprogram
- Ein stor og solid organisasjon i ryggen og leiarar som heier på deg
- Flyttetilskot
- Gode pensjons- og forsikringsordningar (gjennom KLP)
AnnaVi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.Den som vil bli tilsett må levere politiattest
KontaktinformasjonSara Rutley, Overtannlege Kristiansund kompetanseregion, 93050553 Tone Nord, Fylkestannlege, 95468500 ArbeidsstadFosnagata 12 6509 Kristiansund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune Referansenr.: 5199678975 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 20.11.2026Om arbeidsgiveren:
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling. Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling. Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Sjå korleis det er å jobbe i tannhelsetenesta i Møre og Romsdal
Interessert i jobb i den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal?
- Ønsker du spennande utfordringar i eit av landets vakraste fylke?
- Blir du motivert av å jobbe for - og med - menneske?
- Ønsker du eit meiningsfylt arbeid med varierte pasientgrupper?
- Vil du vere ein del av eit fagleg nettverk og ein organisasjon som opptatt av læring, samarbeid og tillit?
Vi treng deg i det viktige samfunnsoppdraget vårt!
Get similar jobs in Norway by email
We'll email you when new jobs similar to this one appear.
Similar jobs
Explore more dental practitioner jobs in Norway.
Finding similar jobs…